Margit Kristina Nesset (28) har presentert eit tilbod til kommunane Hareid og Ulstein om alternativ undervisning for skuleleie ungdommar, f.o.m. skuleåret 2010/2011. Ho planlegg å ta kurs innanfor "hest og helse" og "leiar for born og ungdom" på vårparten. Ho er sjølv vakse opp på småbruk i Snipsøyrdalen, og held no på å bygge opp ein stall frå grunnen av, med plass til 4–5 hestar og diverse smådyr på Nesset. "Målet mitt med dette bygget var å kunne gi ulike etatar eit tilbod der dei kan få ha kontakt med dyr/hest anten dei vil ride eller køyre med vogn" skriv Margit i presentasjonen sin til Hareid Kommune. Margit skriv også litt om kva som kjem til å inngå i undervisninga. Her nemner ho blant anna handtering av hestar, stell og riding. Her kan elevane få lære teori, samstundes som dei får prøve seg i praktiske gjeremål. Margit understrekar i presentasjonsbrevet at dette blir tilpassa etter kvar enkelt elev sitt nivå. I brevet til kommunane skriv Margit at ho er i utdanning innanfor hovlagerfaget, og ho meiner at dette faget er viktig å verne om. Derfor vil ho gi elevane eit tilbod om å få prøve seg litt i smia også. Utanom heste- og dyrehald vil Margit tilby turar både på vatnet og i fjella, og ho skriv at ho også har fått med seg ei venninne som ynskjer å vere med på undervisninga. Veninna har gått helse og sosial, i tillegg til at ho har mange års erfaring med hest.