Leigeavtalen vart inngått i februar 2019, og målet var at ishavsskuta frå Brandal skulle gå i turisttrafikk i Nord-Noreg.

"Skuta skal vere Ishavsmuseet si forlenga arm, og skal i all si ferd formidle den polare historia", skreiv Willy Nesset ei pressemelding då utleigeavtalen var klar.

Nesset er dagleg leiar i Sameiget Polarstar og eigar av skuta, og er til stades i rettssalen i Volda saman med advokaten sin, Ane Dahlen.

foto
Frå venstre: Willy Nesset, tingrettsdommar Cathrin Lid Heilund og advokat Ane Dahlen. Foto: Linda Eikrem

Avtalen mellom sameiget og Tromsøfirmaet, eigd av Mats Forsberg, skulle vare til våren 2022. Men i september 2020 heva sameiget Polarstar avtalen, og litt seinare i 2020 valde Willy Nesset å hente båten heim til Hareid.

Advokaten til sameiget, Ane Dahlen, sa i si innleiing i retten at årsaka var det dei meiner var misleghald av kontrakten.

- Det gjaldt mellom anna manglande betaling av leige og brot på forsikringsplikta, sa Dahlen.

Ho peikte også på at avtalen var at Polarstar skulle leverast i same stand som då den vart utleigd. Ifølgje saksøkjar var det heller ikkje utført avtalt vedlikehald. Dahlen har i retten lagt fram ein omfattande dokumentasjon for å underbygge søksmålet.

Sentralt i saka står det som heiter "bareboat certeparti", ein avtaleform der sameiget står som "owner" og Arctic Picture står som "charter". Ein slik avtale inneber at leigetakar disponerer eit skip som om vedkomande var eigar- med alt av pliktar og rettar det inneber.

Den saksøkte, Mats Forsberg, er ikkje fysisk til stades i retten. Både han og advokat Kenneth Mikkelsen deltek i rettssaka på videolink. Mikkelsen skal halde si innleiing seinare onsdag, men i sluttinnlegget, som på førehand er levert til tingretten, blir kravet frå Sameiget Polarstar avvist.

foto
Motparten, Mats Forsberg i Arctic Picture, sit i Tromsø saman med advokaten sin, Kenneth Mikkelsen. Foto: Linda Eikrem

Partane har fleire gongar prøvd å bli samde om ei løysing. Dei har også vore i retten for å sjå om det er mogleg å kome fram til eit rettsforlik. Det har ikkje lukkast, og dermed er det tingretten som må avgjere striden.

Saka blir leia av tingrettsdommar Cathrin Lid Heilund, og Møre og Romsdal tingrett har sett av to dagar til saka i rettslokala i Volda.

Vikebladet Vestposten følgjer rettssaka, og kjem med fleire artiklar om saka.