Det har lenge vore eit uttalt behov frå handelsstanden, idretts- og kulturaktørar og organisasjonar i Ulstein kommune å få på plass ein samla aktivitetskalender. Blant anna for å unngå at arrangement kolliderer. Det meiner Ulstein Næringsforum at dei no har fått på plass. Kalenderen finn ein på nettsida visitulstein.no (ekstern lenkje).

– Målet vårt med dette har vore å samle trådane meir. Vi ønsker å gjere det langt meir oversiktleg for alle som har noko på gang i Ulstein kommune og dei som vil vite kva som skjer her, anten det er kino- eller kulturarrangement, konsertar, festivalar, idretts- eller næringslivsarrangement – eller noko heilt anna. Omfanget av arrangement og aktivitetar i Ulstein i løpet av eit kalenderår er enormt – og vi har veldig lyst til at både eigne innbyggjarar og folk frå andre stader skal ha ein portal der dei lett kan navigere seg fram til det som skjer i Ulstein.

Det seier Anna Klara Måseide og Frida Eirin Voldnes, høvesvis dagleg leiar og prosjektleiar i Ulstein Næringsforum.

Nettsida til Ulstein Næringsforum er laga i samarbeid med Ulsteinvik-verksemda Fantastiske Osberget – og det er også dei som står bak oppsettet med den nye kalenderen.

– Alle som vil - alt ifrå dei som skal ha konsertar, føredrag - til sykurs - kan leggje inn arrangement. Det skal vere eit lågterskeltilbod. Alt som skjer i Ulstein er i utgangspunktet relevant, seier dei to.

Kalender: Her ser ein aktivitetskalenderen som er lansert på visitulstein.no – utvikla av Fantastiske Osberget. Foto: Skjermdump.

Må nytte kalenderen om det skal fungere

Men, dersom kalenderen skal fungere optimalt – må dei ulike aktørane kring om i Ulstein nytte den aktivt.

– Dersom dette skal bli bra, fordrar det at dei som har arrangement dei vil spreie ordet om, går inn på sida vår og registrerer det der, seier Måseide og Voldnes.

Dei har redaktøransvar, og går gjennom alle innlegga før dei blir publisert på nettsida. Dette for å forsikre seg om at det som ligg ute er reelt.

Dei fortel at ein kan abonnere på kalenderen gjennom diverse tenester – for eksempel gjennom Google, iCalendar og Outlook.

– Kalenderen blir oppdatert kontinuerleg, så dei som abonnerer på den via slike tenester vil alltid vere oppdatert på det siste, seier Anna Klara Måseide.

– I tillegg er tanken å hengje opp skilt og klistremerke med QR-kode til kalenderen, hos lokale butikkar og verksemder – slik at ein enkelt kan gå inn på nettsida og sjekke ut kalenderen, seier Frida Eirin Voldnes til slutt.