På slutten av 2005 vedtok styret i Odim å utferde 552.000 opsjonar til leiinga og nøkkeltilsette i Odim med gyldigheit frå januar 2006. Prisen på opsjonane, eller rettane til å kjøpe ei aksje til ein avtalt pris ein gong i framtida, var på 44 kroner, skriv Sunnmørsposten. Odim hadde i 2006 ein eventyrleg vekst. Onsdag stod Odim-aksjane i 164 kroner. Skilnaden er altså på 120 kroner per aksje, noko som gjer at opsjonsprogrammet no er verdt rundt 68 millionar kroner. Verken finansdirektør Arild Hatløy, konsernsjef Jogeir Romestrand eller styreformann Bjarte Bruheim i Odim ville kommentere opsjonsprogrammet onsdag. Sunnmørsposten har ikkje makta å finne ut kven i leiinga som har fått opsjonar. Av årsmeldinga går det fram at konsernsjef Jogeir Romesrtand fekk 130.000 opsjonar, medan finansdirektør Arild Hatløy fekk høve til å kjøpe 60.000 opsjonar. Dei to sit i tillegg med monalege aksjepostar i selskapet. Under føresetnad av at Romestrand og Hatløy sit med dei opsjonane dei fekk tildelt, er Romestrand sin gevinst på dryge 15 millionar kroner før skatt, medan opsjonane til Hatløy no er verd rundt 7,2 millionar kroner. Til samanlikning kosta det selskapet rundt 10 millionar kroner, inkludert arbeidsgjevaravgift, å gi dei om lag 200 tilsette ein bonus på 50.000 kroner kvar.