Jan Ove Ringstad er styremedlem i Ulstein Hotell. Han kan stadfeste til Vikebladet Vestposten at arbeidet med å få ferdig hotell- og kulturhuset er forseinka. Ringstad forklarer forseinkinga med det generelle presset i marknaden og forseinka utstyrsleveransar. Når oppdaga de at de kom til å bli forseinka? Det var like før jul me oppdaga at framdriftsplanen ikkje heldt. Sidan då har me arbeidd kontinuerleg for å kome i mål og leggje ein ny plan, svarer Ringstad Han kan ikkje sjå nokon dramatikk i at dei er forseinka i arbeidet, men ser det som beklageleg at dei ikkje får ferdig bygga til avtalt tid. Som byggherre er me lei oss for at me ikkje når målet som var sett, uttaler Ringstad. Når informerte dykk Ulstein kommune om at kulturhuset blir ferdig seinare enn avtala? Choice og kommunen vart kontakta samstundes. Dei fekk vite det under bordet måndag. I dag har dei fått brev med informasjon, melder Ringstad. Styreleiar Steinar Sivertsen Kulen er på reise i utlandet og vil difor ikkje kommentere saka til Vikebladet Vestposten.

Ordknapp hotelldirektør

Administrerande direktør Odd Petter Meinseth i Quality Hotel Ulstein ser den utsette hotellopninga som huseigar si sak og har difor veldig lite lyst til å uttale seg. Dette ligg langt utanfor rekkjevidda til Choice å få gjort noko med, slår han fast. Men på generelt grunnlag kan eg seie at dette får store økonomiske konsekvensar for oss. Me har alt booka ein dei arrangement som ligg i faresonen for å bli råka, varslar Meinseth.

Sjølv om det blir arbeidd seint og tidleg på hotell- og kulturhuset er opningane utsette om lag ein månad.