Til slutt vart det eit fellesframlegg frå Arbeidarpartiet, Kristeleg Folkeparti, Framstegspartiet, Senterpartiet og Venstre. No blir eldrerådsleiaren glad, jubla Ann Heidi Dimmen (Sp) då. Lill Marit Baade (FrP) ville òg ha med framlegget frå eldrerådet om å leggje ein gangveg gjennom parken ved Bjørndals Minne som kan brøytast for snø. Men då repliserte ordførar Hannelore Måseide at det ikkje var naudsynt, for det er alt i ferd med å skje. Det er difor Bjørndalsvegen er stengt for tida. Det er utarbeidd ein prosjektrapport om leikeområde, parkar, turvegar og turstiar i og rundt Ulsteinvik sentrum. Kommunestyret stilte seg positive til denne rapporten. Som første tiltak vil kommunen engasjere ein landskapsarkitekt til utforming av Aktivitetsparken i Saunesosen og parken ved Bjørndals Minne. Tiltaket skal organiserast i samarbeid med lag, organisasjonar og privatpersonar etter modell frå tettstadprogrammet. Oppvekst- og kulturkontoret får ansvar for gjennomføringa av prosjektet. Planen må ta rimeleg omsyn til parkeringsbehov og tilgjenge for rullestolbrukarar. Leikeområda bør bli utforma som allaktivitetsplassar.