Før heldt dei til i 2. etasje på Bygger`n på Hareid. No har dei altså flytta til Ulsteinvik. – Det er ein stor fordel å kome nærare hovudkontoret, fortel administrerande direktør Harald Bigset i Ulstein Engineering AS. Selskapet er ein del av Ulstein-konsernet. Dei har ansvar for engeneerings-aktiviteten, med andre ord ingeniør – aktiviteten. – Vi har kontakt med selskap i fleire land som driv ingeniørarbeid, forklarer Bigset. Dei fleste av ingeniørane sit i Kroatia, Polen, Tyrkia og Slovakia. Ulstein Engineering samarbeidar med over 100 ingeniørar. Organisering av dette arbeidet er viktig. – Det er to grunnar til at vi hentar ingeniørhjelp utanfrå. For det første er det snakk om kostnader. For det andre er det mangel på ingeniørar i Norge, seier Bigset.

Samla på Blåhuset

Ulstein Engineering har 20 fasttilsette. Tidlegare jobba nokre av desse på Hareid, og nokre ved verftet i Ulsteinvik. – No er vi endeleg samla, og det har fleire fordelar, trur Bigset. Dei flytta inn i 3. etasje i Blåhuset førre veke. – Lokala her er toppmoderne, og vi har fått betre plass. Vi ser fram til å vere her, seier Bigset.