Ei kvinne i Hareid har ringt avisa for å fortelje om eit tjuveri av det både frekke og freidige slaget. Det skjedde fredag i førre veke, og kvinna er enno forundra over at det finst folk som vil småminke seg på denne måten. Fredag kveld snøa det temmeleg mykje, og ut på kvelden opna eg ytterdøra for å sjå om eg måtte moke. Då oppdaga eg at det var så mørkt i det vesle trappehuset. Min første tanke var at lyspæra i kuppelen, som er montert i taket på trappehuset, hadde slokna, fortel kvinna. Som fort oppdaga at det ikkje var der problemet låg. Nokon hadde rett og slett vore på staden, skrudd ned kuppelen og til at overmål demontert resten av installasjonen også. Det må ha skjedd mellom klokka 21.00 og 22.00 om kvelden, og fotspora i snøen bar bod om at det ikkje var folk med småsko som hadde traska seg opp trappa, fortel kvinna. Ho trur det må vere nokon som er høg som har gjort ubyda, for det er forholdsvis høgt opp til lampen. Kvinna er busett i eit bustadfelt, med ein nokså trafikkert veg som næraste nabo. Også av den grunn synest ho tjuven - eller tjuvane - har vore dristige.