Dei to døma i ingressen viser til former som alle er valfrie. Det same gjeld ord som nå/no, fekk/fikk, drømmane/draumane og høyre/høre - for berre å nemne nokre andre valfrie former. Anders Aanes, som er masterstudent i nynorsk skriftkultur ved Høgskulen i Volda, arbeider til dagleg som dokumentasjonsleiar i Hovdebygda. Aanes si gransking har avfødd artikkelen "Klamme former og sær skriving? Språklege rettar, sidemål og rettskriving i ein ny skulealder", som ligg ute på nettsidene til Språkrådet. I artikkelen dokumenterer Aanes kva elevar i Møre og Romsdal meiner om valfridomen i nynorskrettskrivinga og kva dei faktisk veit om rettskrivinga. I tillegg til at mange er usirke på valfridomen i nynorskrettskrivinga har han også funne ut følgjande: - 35 % av alle elevane svarar at dei i nokså stor grad eller svært stor grad har forma ei "personleg" norm i nynorsk. Blant elevane med nynorsk hovudmål er talet 40 %. - 26 % av nynorskelevane meiner valfridomen har vore ein viktig grunn til at dei har halde på eller skifta til nynorsk, medan heile 50 % meiner han ikkje har vore det. - Elevane slit noko med doble konsonantar og konsonantsamansetjingar. Det syner den høge frekvensen av dei galne formene "somardagen", "grønn", "havna", "bytte" (verb) og "mestre". - Svært mange elevar nyttar blanda bøying (spelar, spelte, spelt). Dette må sjåast i samanheng med talemålet til elevane på Nordvestlandet. - Langt dei fleste elevane meiner at formene "ønsker" og "følge" er tillatne i rettskrivinga. Desse formene har likevel obligatorisk "j" i rettskrivinga.
Nyhende →
Mange nynorskelevar er usikre på valfridomen
Er det lov å skrive "hjerte" ? Heiter det ikkje "hjarte" på nynorsk? Er det lov å skrive "mye"? Heiter det ikkje "mykje" på nynorsk? Anders Aanes har spurt 282 elevar i den vidaregåande skulen i Møre og Romsdal - og bl. a. funne ut at mange er usikre på kva som er valfritt i den nynorske målforma.