Ulstein kommune har eit ynskje om å ha kommunale tomter tilgjengelege i alle krinsane i kommunen. No har det seg slik at alle dei kommunale tomtene i Storehaugen 3 er selde eller handgjevne. Teknisk sjef rår difor teknisk utval til å godkjenne at det snarast blir starta opp reguleringsarbeid med sikte på å utvide det kommunale byggjefeltet Storehaugen vestover. Saka blir lagt fram på teknisk utval onsdag 15. august. I sakpapira til møtet går det fram at denne saka er meint å vere eit grunnlag for å starte regulering utan å vente på avklaring mellom rullering av kommunedelplanen for Hasund og Dimna og at kommunen avklarer arealbruken gjennom reguleringsarbeidet.