Utdanninga til helsefagarbeidar vil erstatte utdanninga til hjelpepleiaren og omsorgsarbeidaren. Men er kommunane budde på endringa? Opplæringskontoret spør kva kommunane gjer før og når lærlingane i helsearbeidet kjem. Difor ber dei inn politikarar, leiarar, komande instruktørar og alle som skal arbeide saman med dei nye lærlingane inn til felles konferanse på Kjeldsund for å gje svar på spørsmåla. Konferansen er gratis for medlemskommunane Hareid, Herøy, Sande og Ulstein. Påmeldinga må skje innan fredag 31. august.

Innleiingane

Bodil Braa Alsvik vil snakke om kvifor det kjem ei ny utdanning. Torill Brodahl innleier om Aksjon Helsefagarbeidar. Vidar Fosse vil fortelje om lærlingar på Ulstein Verft. Etter lunsjen vil eit panel snakke om kven som kan hjelpe kommunane. Anita Øen vil leggje fram eit døme frå Ålesund. Inger L. Trønningsdal stiller for Utdanningsavdelinga, Marit Hovde Syltebø frå Helse- og sosialavdelinga i fylket, Roar Berg vil ta for seg Helse Sunnmøre si rolle og Greta S. Goksøyr er der for Opplæringskontoret. Til slutt er det tid for spørsmål, oppsummering og avslutning.