Birkhol fortel til Vestlandsnytt at han har drive med krabbefiske på hobbybasis kvar haust dei siste tretti åra, og det har aldri vore vanskeleg å få krabbe nok til både slekt og vener. Nyleg sette han ut nokre teiner i Dragsund-området for å hjelpe ei dame frå Austlandet, men teinene var singlande tome – noko Birkhol aldri har opplevt. Birkhol meiner hovudskulda ligg på nokre personar som startar fiske med mellom 80 og 100 teiner alt i juli og held fram heilt til jul. Dei fiskar også på søndagane – og har hatt til dels to båtar i sving. - No har dei reinska her ute og flytta seg innover i Rovdefjorden. Er det fleire som driv på denne måten, er det ikkje rart om krabben kjem vekk, sukkar han og etterlyser fredingstid på krabben. - Det er korttenkt når folk tenker på nokre raske kroner og si eiga forteneste fremfor på krabbebestanden, meiner Birkhol.