Akkurat der bilen køyrde utføre er er det om lag to meter ned til flata, men mannen som køyrde bilen kom frå det med kippen. Han var åleine i bilen. Politiet kom tilfeldigvis forbi nesten i det same uhellet skjedde, og dei var raske til å dirigere trafikken medan Falken henta bilen og tilhengaren opp att frå grøfta. I følgje politiet har uhellet truleg skjedd fordi mannen sovna bak rattet. Det er ikkje mistanke om promillekøyring.