Joar Brekke Dimmen i firmaet Brekke & Kleppe Anlegg, som skal utføre grunnarbeidet, fortel at sjølve utgravinga av byggegruva vil foregå i ca tre veker framover. Dei skal grave seg om lag tre meter ned i grunnen. - Det er planen å gå etappevis fram, slik at området nærast det eksisterande bygget blir grave ut først - slik at vi kjem i gang med støypinga derifrå, fortel Brekke Dimmen.