Fylkeskonservator Jens Peter Ringstad er oppteken av at løa skal takast vare på som ein det av det nasjonalt verdifulle kulturlandskapet på Flø. Han har akseptert at tilbygget til løa, som er ei eldre stovebygning som er flytta dit, kan takast bort og settast på anna høveleg stad. Men når det gjeld løa er heile ideen med vern at ho skal stå der ho står. Når ikkje dagens eigar, Lillian Flø, har kapasitet til å ta seg av løa, har fylkeskonservatoren vore på leiting etter andre som kan vere interesserte i å ta vern av løa på staden. Så langt har han ikkje lukkast med det. Men Ringstad meiner ein bør bruke tida fram til 1. november med å finne nokon. Det var datoen teknisk utval sette for å finne ei løysing. Det forslaget som har kome opp med flytting og ny bruk i Geiranger er ikkje ei løysing som gjev svar på ønskjet vårt om vern, slår Ringstad fast. Han er likevel open for at om alle forsøk på vern på staden er prøvd, vil det vere betre for bygninga at ho kan attbrukast ein annan stad framfor å gå til fyringsved. Då snakkar me meir om ressursutnytting enn kulturminnevern, melder fylkeskonservator Ringstad. Teknisk utval i Ulstein kommune gjorde ikkje noko vedtak på møtet denne veka om kva dei skal gjere med løa. Det skal dei finne ut av på møtet 14. mars.