Reiar Åge Remøy er i ferd med å byggje opp att Rem Offshore. No har han sikra seg aksjefleirtalet i offshoreskipet "Troms Vision" som vart levert frå Kleven Verft i mars i år. Målet er at skipet snart skal heite "Rem Vision". Foto: Anne Gry Eilertsen

For tredje gong på nokre få månader melder Rem Offshore om båtkjøp. Og reiar Åge Remøy har ikkje tenkt å gi seg med det.

- Gi oss litt tid, så kjem det fleire, seier Remøy til avisa Vestlandsnytt.

Då Åge Remøy måtte dele Rem-flåten med Solstad sat han att med seks båtar på sjøen og ein på bedding. Alt no er talet kome opp i ti, og det kan bli fleire.

Rem Offshore har no kjøpt seg opp og blitt majoritetseigar i offshorefartøyet Troms Vision. Skipet vart levert frå Kleven Verft i mars i år, til eit selskap med mange eigarar som er busette i Oslo-området.

Ifølgje Vestlandsnytt er målet til Åge Remøy at skipet etter kvart skal få namnet “Rem Vision”.