Marianne Breivik frå Ulstein Arbeidarparti ytra glede over at Hareid, Ulstein, Herøy og Sande har bygt vidare på samarbeidet som har sitt utspring i pilotprosjektet i rusførebyggjande arbeid som Sosial og helsedirektoratet sette i gang i 2004. Utfallet har blitt eit prosjekt for ungdom mellom 16 og 21 år, "Tidleg intervensjon ungdom (Drop in)". Ulstein kommunestyre vedtok at Ulstein skal vere med i dette samarbeidsprosjektet i perioden ut 2012. Breivik meinte dette var eit flott tiltak, med eit godt namn. "Drop in" er inviterande og inkluderande. Ho viste til at den interkommunale arbeidsgruppa er breitt samansett og har fleire etatar og perspektiv representert. Men det optimale hadde likevel vore om tiltaket på sikt vart overflødig. – Me ber difor om at det parallelt med dette arbeidet òg kontinuerleg kartlegg og systematiserer opplysningar og kunnskap om kvifor nokre av dei som representerer framtida, hamnar i ein slik situasjon. Målet langt der framme på vere 0 "drop outs", meinte Breivik.
Nyhende →
Ønskjer kunnskap om kvifor ungdom droppar ut
Ulstein Ap ber om at kommunane skaffar seg kunnskap om kvifor nokre droppar ut av skule og arbeidsliv.