Utan å ville stigmatisere nokon opplyser operasjonsleiar Johan Arnt Overøye ved Sunnmøre politikammer til Sunnmørsposten at dei registrerer at visse folkegrupper er sterkt representerte på fyllekøyringslistene – og at det er ting som tyder på at ein del aust-europearar har eit anna forhold enn nordmenn flest til dette med å køyre bil i påvirka tilstand.

Dei fire fyllekøyringane skjedde på Godøya, på Blindheim, på Dyrkorn og i Fosnavåg.

På Godøya køyrde ein polakk av vegen og inn i eit gjerde.

På Blindheim vart ein litauisk mann teken for promillekøyring – etter tips.

I dei to andre tilfella var det nordmenn som fyllekøyrde. På Dyrkorn hamna ein bil på taket utan at føraren fekk alvorlege skadar. I Fosnavåg vart ein mann i 50-åra pågripen for fyllekøyring i tre-tida i natt.

I eit utforkøyring i Haddal nyleg og i ei alvorleg ulykke ved Skogevatnet for nokre veker sidan var også rusa aust-europearar innblanda.