Øystein Orten er ute med ei novellesamling. Foto: Foto: Det Norske Samlaget/Odd Goksøyr

Det er kaldt og surt ute då vi møter forfattaren Øystein Orten i Ulsteinvik. Han kjem oss i møte med eit stort smil og tøff beret på hovudet. Ein kjekk kar med andre ord. Ein vi må verte litt betre kjent med.

Øystein bur framleis på Hareid, der han har vakse opp. Han er gift og har fire born i alderen 13 – 23 år. Mange som er interessert i litt spesifikke emne, føler seg ofte tvungne til å flytte til større byar. Det blir ofte sagt at ”det er lettare å få seg arbeid der”. For Øystein er det stikk motsett.

– Nei, eg bur i sentrum av universet. Eg har aldri følt at eg har vore tvungen til å flytte nokon annan stad, tvert imot. Hareid er eit eldorado for ein forfattar. Det er her eg har språket mitt, seier Øystein.

Skriveinteressa byrja så smått då Øystein gjekk lærarskulen.

– Eg var med i ei litteraturgruppe, der vi skreiv om andre forfattarar. Men eg har alltid vore interessert i historie og kultur. Eg trur kanskje at det var interessa for desse emna som fekk meg til å byrje å skrive. Diktsamlinga mi, “Av flammen”, frå 1995, var tekstar som vart til over ein periode på 15 år. Så forfattaren i meg kom fram over tid, i staden for med eit pang, fortel Øystein.

Øystein har skrive mange bøker. Han meistrar både lyrikk, dokumentar - og romanskriving. For diktsamlinga si, “Kjensla av at det ikkje regnar andre stader enn her” frå 2004, vart han mellom anna kalla ein ”ordkunstnar av klasse” i Dagbladet. Dei tre romanane, “Livingstones retrett” frå 2003, “Vegen til Neverland” frå 2005 og “Rabarbrakrigen” frå 2007, utgjer ein slags trilogi om kjærleik, svik og skuld, men også om identitet, håp og gleda av å høyre til. Mykje av råstoffet i den siste romanen er henta frå oppveksten på Hareid. I 2009 ga Øystein ut dokumentarboka “Himmelen over Shetland”, som er ei spanande bok om motstand og eksil i Noreg under den andre verdskrigen. Her er historiene til mange lokale aktørar under krigen fortalde. No har han akkurat skrive ferdig ei ny novellesamling kalla “Sjabervik”. I denne boka tek Øystein oss med til kystsamfunnet Sjabervik, der han skildrar bygda og menneska i fortid og notid. Stilsikkert og med stor empati tek han for seg dei som har hamna i utkanten av dette samfunnet. Ein kan undrast - kvar tek mannen all inspirasjonen ifrå eigentleg?

– Det som gjev meg inspirasjon er rett og slett å jobbe med stoffet. Etter å ha tent på ein ide, reiser eg mykje rundt, samlar inn informasjon og gjer research. Samstundes er det inspirerande at ting kjem til live, at det går framover. Eg samlar ofte materiell i opp til eitt år, før eg byrjar å skrive noko som helst. Romanane er spesielt krevjande. Det er mykje tekst å kome rundt. Eg brukar å lage meg ein tidsplan og brukar mykje tid på sjølve skrivinga, fortel Øystein.

Ein mann med så mange jern i elden kan då umogleg ha noko anna å gjere på i kvardagen, undrast vi.

– Eg er glad i å halde meg i form og prøver å springe litt i fjellet. Når det gjeld film og musikk er eg så å seie altetande, men om eg må velje, så blir det vel italienske filmar og 70-talls rock. Når det gjeld litteratur har eg ein forkjærleik for svenske og skotske forfattarar, informerer Øystein.

Orten er utdanna lektor og har hovudfag i historie. Når han ikkje skriv bøker, underviser han i norsk, historie og religion på Ulstein vidaregåande skule. Her trivast han godt.

– Eg trur elevane tykkjer det er litt artig at eg har gitt ut bøker, men eg har aldri lese noko sjølvskrive for dei. Eg prøver derimot å lære elevane mine litt om korleis ein arbeider i ein skriveprosess. Mykje forarbeid må til om teksten skal bli god, smiler Øystein.

Om du sit inne med eit ynskje om å verte forfattar, er det berre ein ting å gjere, meiner Øystein.

– Du må sende inn dei beste tekstane dine til forlaga. Bu deg på mange nei, og ta vare på alle positive kommentarar du får på vegen. Du må aldri gi opp, då lukkast du i alle fall ikkje. Eg har vore heldig på meldarfronten. Men det er då ein gong slik, at meldarane berre gjer jobben sin. Ein kvar som kjøper bøkene mine, er frie til å gjere opp si eiga meining og tolke teksta på sin eigen måte. Den dagen du vel å sende ut teksta i bokformat, er det ikkje lenger du som er sjef over materiellet. Då er det allemanseige. Og du eig ikkje teksten sjølv lenger.