Bjarne Kvalsvik er kommunestyremedlem og fylkestingpolitikar for Sunnmørslista, i tillegg til styremedlem i Tussa Nett. Han meiner tida er inne for å finne ei løysing på kraftstriden. Foto: Anne Gry Eilertsen/arkiv

Om det ikkje vert ei snarleg løysing på striden rundt Sulesund-linja, må Fylkesmannen gripe inn, seier Bjarne Kvalsvik til Sunnmørsposten.

- Denne linja er heilt avgjerande for å trygge kraftforsyninga i Herøy, Sande, Ulstein og Hareid. Då kan ikkje vi sitje stille og sjå på at kreosot-strid frå stolpar stoppar prosjektet, seier han.

Det er bygd ny høgspentlinje frå Ulsteinvik til Hareid og med sjøkabel til Sula, som ei kjempeinvestering, som knyt Tussa-nettet saman med Tafjord-nettet.

Ingenting har skjedd med prosjektet sidan april 2010, då Mattilsynet stoppa arbeidet i frykt for at kreosot-impregnering skulle renne frå stolpane og ned i brønnane på Sula.

- No kan vi ikkje vente lenger, seier Kvalsvik.