Tidsbruken på feilrettinga går også ut over Tussa sine breibandkundar, som får tenestene sine via Telenor sine linjer.

Øydeleggingane i Møre og Romsdal er så store at Telenor sine entreprenørar ikkje har hatt kapasitet nok til å handtere situasjonen. Det er derfor henta inn arbeidsfolk frå utlandet.

Vanskane får også konsekvensar for oppkoplinga av nye breibandkundar.

Telenor håper at normal driftssituasjon vil vere på plass i veke 8/9, d.v.s. i månadsskiftet februar/mars. Dei tek fellesfeila først – d.v.s. feil som vedgår fleire sluttkundar.