Foto: Illustrasjonsfoto/Wikimedia Commons

Det har gått to snøskred i Skorgedalen på Ørskogfjellet. Det er ikkje meldt om at nokon er teken av raset. Faren for nye ras er så stor at politiet har sperra vegen.

Fleire vegar er allereie stengt på grunn av skred eller stor fare for snøskred. Dette gjeld:

• Fv. 41 Leira-Viddal

• Fv. 43 Hunneset-Vatne

• Fv. 651 Bjørnaset-Heidane (Straumshamn-Fyrde)

• Fv. 655 Skyldstad-Fivelstadhaugen (Norangsdalen)

I tillegg stenger fv. 60 mellom Stranda og Hellesylt klokka 16.00 grunna skredfare. Beredskapsferje er bestilt hos Fjord1 og ho vil begynne å gå etter oppsett rasrute. Ruteinfo finns på fjord1.no. Fv. 191 i Eikesdalen stenger klokka 20.00.

- Vi følgjer situasjonen tett. Fv. 63 mellom Geiranger og Eidsdal som ligg og utsett til. Vi vurderer fortløpande om vi skal stenge han, seier avdelingsdirektør Knut Nauste i Statens vegvesen.

Faren aukar og i Indre Romsdal og i Sunndalsområdet på Nordmøre. Geologar og andre fagfolk frå Statens vegvesen vurderer fortløpande situasjonen saman med fagfolk hos entreprenørane, lokalkjende og gjennom varsel frå Norges geologiske institutt (NGI). Også her kan det bli naudsynt å stenge vegar på kort varsel.

Statens vegvesen oppmodar folk som skal ut på vegen om å sjekke vegmeldingane før dei køyrer. Vêr og føre kan gi vanskelige køyreforhald og vegar kan bli stengde på kort varsel. Folk bør vurdere om dei skal halde seg heime om køyreturen ikkje er verkeleg naudsynt.