Heilt sidan 1987 har kommunen delt ut kulturpris og kulturstipend vekselvis kvart andre år. Stipendet har som føremål å fremje kulturutviklinga i Ulstein.

I følgje statuttane kan stipendet gjevast til personar eller ei gruppe personar, lag og organisasjonar som høyrer heime i kommunen. Søkjaren må òg gjere greie for bakgrunnen for søknaden, og kva som gjer kandidaten aktuell for å ta imot eit stipend. Fristen for å søkje er satt til 17. januar.

Fekk stipend i 2009

BandCamp Eiksund fekk stipendet frå kulturstyret sist. Det er ein «bluesbandcamp» der dei ynskjer å fremje nye og eksisterande talent.

Representant for prosjektet, Bertil Tødenes, stadfestar at stipendet dei fekk i 2009 har vore med på å gjere det økonomiske grunnlaget meir solid.

- Desse midlane har vi inkludert inn i bandcampen sin totaløkonomi. Pengane går til innspeling av plate, konsertar, samt dekkje dei andre økonomiske kostnadane ved å oppretthalde eit slikt tilbod.

Tødenes utelukkar heller ikkje den store gevinsten stipendet har vore for deira medlemmar. Dei kan halde fram med å gje ungdommane eit godt pedagogisk opplegg med høg kvalitet, og samstundes samle ungdommar som har ei fellesinteresse innan musikk - samt få høve til skape noko saman. Mange av deltakarane frå bandcampen har starta på musikkskule, eller oppretta band som ein direkte kosekvens av prosjektet.

- Det er ei verdsetjing og ei ære å ta imot eit slikt stipend. Det viser at det finst interesse for slike prosjekt trass i at bandcampen førebels er ny og uprøvd, stadfestar Tødenes.

For ungdom

Tødenes håpar årets stipend skal rette seg mot liknande prosjekt.

- Det er viktig at midlane kan brukast til liknande føremål, og at dei til sjuande og sist dreier seg om ungdommar som ynskjer å utvikle talentet sitt, avsluttar han.