Gry Nordal er ein av dei sju tidlegare områdeleiarane i Hareid som har fått tilbod om kommunalsjefstilling. Takkar ho ja, blir ho kommunalsjef for skule og barnehage Foto: Anne Gry Eilertsen

I tråd med tidlegare kommunestyrevedtak om omorganisering av både den politiske og administrative strukturen i Hareid kommune, vedtok formannskapet onsdag å tilby fire tidlegare områdeleiarar stillingane som kommunalsjefar.

Hareid kommune har hittil hatt sju områdeleiarar. No blir talet redusert til fire.

I høve kartlegging og samanlikning av ansvar og arbeidsoppgåver for dei nye kommunalsjefstillingane, kontra dei tidlegare områdeleiarstillingane, har formannskapet v edteke at det ikkje er trong for å lyse ut dei nye kommunalsjefstillingane. I samband med dette er det også gjort vurderingar i høve til stillingsvernet, som dei som er tilsett i områdeleiarstillingane har.

Etter vedtaket i formannskapet får rådmannen mynde til å gi følgjande tilbod om tilsetting:

- Kommunalsjef for Helse- og omsorg: Elly Kirkeslett

- Kommunalsjef for Skule- og barnehage: Gry Nordal

- Kommunalsjef for Kultur, næring- og samfunnsutvikling: Oddbjørn Grimstad

- Kommunalsjef for Kommunalteknisk drift og infrastruktur: Nils Yngve Nupen.

Avtalane skal godkjennast av formannskapet før dei vert gyldige.Dersom det ikkje lukkast å oppnå semje i eitt eller fleire høve, skal formannskapet avgjere korleis saka skal handterast vidare.

Arild Grimstad, rektor ved Ressurssenteret, Ingunn Rise, leiar for Nav og Øyvind Amdam, leiar for kommunale bygg (han er i permisjon), har til no hatt tittelen områdeleiarar. Dei får ikkje nemninga "kommunalsjefar" etter den nye omorganiseringa.