Denne gjengen byr inn til TV-aksjonkonserten. F.v. Einfrid Grindheim, Hilde Maria Espelid og Beate Mjøen Berg

TV-aksjonen omtalast som Norges nasjonale dugnad og er verdas største innsamlingsaksjon målt i innsamla beløp per innbyggjar og antall frivillige. Søndag 24.oktober samlast det inn pengar til Flyktninghjelpas arbeid for menneske i kriseramma område.

Lørdag 23.oktober inviterast det til familiekonsert på Sjøborg kulturhus med lokale barne- og ungdomskor, Internasjonalt kor, allsong, dans, musikk, apell, humor og alvor.

Målet med konserten er bevisstgjering kring det arbeidet Flyktningehjelpa utøver – at både born, ungdom og vaksne sit igjen med trua på at det nyttar å engasjere seg og at ein stad å byrje kan vere i vårt eige lokalmiljø.

Billettinntektene går uavkorta til TV-aksjonen. I tillegg vil det vare mogleg å stemme fram sitt favorittpar på dansegolvet. Ordførar Hannelore og hennar mann, lege Torbjørn Måseide utfordrar to andre ”kjendispar” til Danseduell. Bøsser med kvart par sine navn blir sendt rundt i salen. Paret som samlar inn mest pengar( til TV- aksjonen) stiller sterkt før dommarpanelet gir si avgjørende stemme. Lurt å ha litt kontantar!