Assisterande rådmann Verner Larsen innser at det blir ei utfordring på parkeringssida frametter. Men han trøystar med at dette er ein overgangsperiode for at det skal bli betre i sentrum etterpå. Innbyggjarane må vere budde på omleggingar. Parkeringsmønsteret i sentrum vil endre seg etter kvart som arbeidet skrid fram dei ulike stadene. Entreprenørane har ansvar for å setje opp skilt med informasjon om kvar det er lov å køyre og liknande.

Graving til bussterminalen

Denne veka byrjar gravinga til bussterminalen. Ein av dei komande vekene blir plassen sperra av og opnar ikkje att før uti mai. Mellom anna skal det leggjast fiberkabel gjennom området og ned til hotellet og kulturhuset til april. Det er mange aktørar i sving, forklarer Larsen.

Mykje rør

Det leggjast kablar og rør i bakken fleire stader. Det er både el-nett som skal oppgraderast og fjernsynskablar som skal på plass. På plassen framfor Blåhuset blir eit stort område sperra av til anleggsområde. Det byggjast høge gjerde rundt området. Utvidinga av Blåhuset er ikkje ferdig før mars neste år. For at store lastebilar og andre anleggsmaskiner skal kome til på området og arbeide, må det lagast veg så dei kjem fram. Utvidinga av Blåhuset stel ein del parkeringsplassar i sentrum, men til gjengjeld stiller Blåhuset med ein del parkeringsplassar i parkeringskjellaren sin.

Asfalt over påske

Utvidinga av Blåhuset og arbeidet med bussterminalen skjer samstundes med arbeidet med kulturallmeningen som skal kome på plassen mellom Overvåg og P.F. Waage. Arbeidet der har gått noko tregt i det siste, men det har samanheng med at dei som leverer asfalt ikkje opnar før etter påske, forklarer Larsen. Anleggsarbeidarane har siste vekene vore opptekne med å leggje stein utafor Comfort og Overvåg, men temperatursvingingane har gjort at dei ikkje har fått fuga mellom steinane. Difor ligg steinane lause på bakken. Før dei kan fuge mellom steinane må vêret bli mildare og temperaturen ute meir stabil. steinane og bakken skal ha same temperatur. Larsen spår at dette kanskje kan skje i april. Så lenge steinane ligg lause, kan dei ikkje tillate så mykje trafikk på dei. Etter kvart no vil anleggsarbeidarane ta med seg teltet sitt og flytte seg over på andre sida av plassen, mot Princess og P.F. Waage, og leggje stein der. Overvåg vil utvide lokala sine, noko som gjer at steinhellene frå Kina må vente med å kome på plass der. På grunn av det store påtrykket med anleggsarbeid elles i sentrum, blir det prioritert å halde delar av plassen open for parkering. Når plassen skal asfalterast, må han sjølvsagt stengast av, men Larsen meiner at det då berre vil vere snakk om ein dag. Når hotellet opnar blir det parkeringsplassar på nedsida av Sjøgata. Desse plassane vil det vere høve til å bruke når ikkje hotellet har arrangement.

Kartlegg parkeringsplassane

Ulstein kommune er i ferd med å kartlegge parkeringsplassane i Ulsteinvik. Verner Larsen meiner at det ikkje er så gale som ein del vil ha det til. Men folk må gjerne gå litt lengre enn dei er vant med. Det er utfordrande med så mange i sving på så lite område, vedgår Larsen.

Ha tolmod

Verner Larsen har stor tru på at det blir flott når dei endeleg blir ferdige. Særleg kulturallmeningen er han spent på. Om det blir utbygging av Sjøsida, blir Kulturallmeningen ein av dei få stadene i Ulsteinvik sentrum med sjøutsikt. Larsen spår at dette blir eit attraktivt område. Der vil mellom anna bli plass til ein liten scene. Til dagleg blir det ein parkeringsplass, men det vil vere høve til å stenge av området og nytte plassen til kulturarrangement og liknande. Til trass for utfordringane for dei handlande med å finne parkeringsplassar til Larsen vil ønskje alle velkomen til Ulsteinvik.