I ein artikkel i Sunnmørsposten peiker Almestad på at folk vil bu urbant. I åra framover vil derfor Ålesund og dei kommunane som greier å utvikle attraktive byrom ”hvor det er liv mellom husene”, få den beste utviklinga.

Almestad sit også i prosjektgruppa til det regionale utviklingsprosjektet «Sunnmøre i framtida», der bl. a. 17 sunnmørskommunar er med.

Det er arbeidsinnvandringa som forklarer den store folkeveksten som har vore på Sunnmøre dei seinare åra. Denne innvandringa har fleire stader gitt eit merkbart mannsoverskot . I Ulstein er det no i aldersgruppa 20-39 år berre 77 kvinner pr. 100 menn.

Almestad trur Sunnmøre vil auke folketalet ytterlegare i åra som kjem, hovudsakleg på grunn av næringsstruktur og geografi. Dessutan fyller Sunnmøre godt rolla som leverandør av noko heile verda skrik etter: energi og mat.