Då bossbilen til Søre Sunnmøre Reinhaldsverk kom køyrande i bakken opp på nordsida av parkeringsplassen ved Holstad Transport på indre Hareid måndag gav vegbana etter og hjula forsvann ned i ein stor underjordisk innsjø. Det måtte kranbil til for å få bossbilen på rett kjøl igjen. Deretter kom folk frå teknisk etat i Hareid kommune for både å finne årsaka til utholinga av vegen og tiltak.