Der ligg ei øy utanfor austkysten av Afrika - Zanzibar. Men Sanzibar på Hareid er noko anna - eit dagsenter der folk kan trene sansane sine. Sanzibar er arbeidsplassen for dei som bur i Bufellesskapet i Hjellebakken. I løpet av hausten har dei laga ein god del ting, som dei håper å få selt no i julestria. Tinga er utstilte i butikken, saman med artiklar frå eit par leverandørar utanifrå. Dagsenterleiar Mari Brit Slinning fortel at Sanzibar opna i toppetasjen til Sparebankbygget i 2002. Etter 6 år oppe i høgda flytta dei ned i Vaadalhuset - på gateplan - der dei har vore sidan juni i år. Vaadalhuset er det huset som ligg nærast krysset ovanfor Statoilstasjonen på Hareid - i same husrekke som Eurospar, Riise og Art Frisør. Kvar tysdag, onsdag, torsdag og fredag er der full aktivitet - og publikum blir gjort ekstra merksam på at butikkhyllene no bugnar av flotte handarbeidde ting. Laurdag er butikkdag - og då kan kven som helst stikke innom og få seg rimelege ting til jul. Sanzibar har tilsaman åtte arbeidarar. I tillegg kjem eit personale på om lag det halve. Som ei lita påskjøning for arbeidet gir kommunen kvart år ei julegåve på tusen kroner, som Sanzibar-arbeidarane nyttar til ei utflukt. No sist sommar vart det ein herleg tur med hurtigruta inn til Geiranger - i strålande vêr. Elles har dei også hatt utflukter til Ålesund, Moa og Bjorli. Sanzibar-kvardagen byr på mange aktivitetar: Kjøkkentenester, sying, veving, musikkstund, gymnastikk, dans - og mykje anna. Fredagen er kosedag. Då set dei av tid til å mimre om kva dei har gjort i løpet av veka. For sjølve butikktenesta er der ein arbeidsplan. Kven som har denne tenesta komande laurag, får du vite ... dersom du stikk innom mellom klokka 11 og 15.