Den tørraste julimånaden på over hundre år gjorde at det ein periode var lite vatn i vassmagasina til kraftverka. Men i august har det regna godt. Vikebladet Vestposten ringde Tussa for å høyre om det snart har regna nok for å fylle vassmagasina.

Kraftverkssjef Terje Myklebust i Tussa Energi fortel at sist sundag var det store vassmagasinet til Tussa kraftverk, Tussavatnet, fullt. Då det fortsette å regne rann vatnet over, så det vart ein fin liten Tussa-foss frå magasinet på Bjørke. I dei andre magasina er det ikkje fullt, men med fullt Tussavatn skal me vere bra rusta framover.

Oppgradering på Bjørke

Dei siste fem månadene har det vore eit omfattande arbeid for å oppgradere kraftverket på Bjørke. Det er investert 50 millionar i prosjektet som gir betre verknadsgrad og høgare effekt på kraftverket.

Myklebust forklarer at dei driv med prøver og testar ut desse turbinane. Han meiner at hadde det ikkje vore for denne oppgraderinga hadde dei sikkert ligge under normalen i magasinfyllinga.

Høge straumprisar utover

På spørsmål om korleis straumprisane vil vere framover svarer kraftverkssjefen at prognosane seier at kraftprisane vil halde seg på dette nivået utover hausten. Månadskontraktane for september til januar ligg på rundt 50 øyre/kilowattimar. Den høge prisen heng saman med at magasinfyllinga framleis er lågare enn normalt andre stader i landet. Dessutan vart kolprisane høge i sommar.

Den høge varmen i Europa, kombinert med lite vind, gjorde at det vart brukt mykje kol til kjøling. I tillegg blir gebyr for Co₂-utslepp lagt til kraftprisen i termiske kraftverk.

– Alt drar i feil retning, i auga til forbrukaren. Men det er positivt for Tussa med meir pengar i kassa, noko som igjen gir meir skatt til staten og meir utbytte til eigarkommunane, kommenterer Myklebust.

– Fører sal av kraft ut av landet til høgare straumprisar?

– Det flyt att og fram etter behov på kontinentet, seier Myklebust og legg til at det er Statnett som styrer import og eksport av kraft over landegrensene. Når det er normalt med nedbør er det fornuftig å selje ut av overskotet, det gir både inntekter og auka utbytte.

Turbinhjul: All «innmat» i turbinane, inkludert nye turbinhjul, er skifta ut. I tillegg har dei utstyrt maskinene med eit omfattande monitoreringssystem. Foto: Terje Myklebust, Tussa. Foto: Terje Myklebust, Tussa