Planleggingsarbeidet med det nye helsehuset i Hareid sentrum går sin gang, kunne ordførar Anders Riise fortelje i formannskapsmøtet tysdag.

Sporstøl Arkitekter og entreprenør Rise Bygg har hatt fleire samrådingsmøte, og i slutten av oktober blir det forhandlingar både med Nav og Tannhelsetenesta.

I tillegg blir det rådmannsmøte i SSIKT 7. september. Der skal plasseringa av eit felles kontor drøftast. Kommunane Ulstein, Hareid, Sande, Herøy, Ørsta, Volda og Vanylven er medlemer i SSIKT, som i alt har 19 arbeidsplassar. Hareid kommune har lagt inn tilbod om at SSIKT kan få disponere heile underetasjen i Hareid rådhus, der  blant andre Hareid folkebibliotek i dag er plassert.