Altså, her er det ikkje så mykje å gjere, her må bordkledninga skiftast.

Snart 68 år gamle Sigfred Garnes studerer eit eldre trehus i Ulsteinvik sentrum. Han anslår at huset vart bygt på 50-talet, kanskje før.

– Du ser, på den tida var det vanleg å ha høvla, glatt bordkledning. I tillegg er det ikkje lufting, og då blir det sånn som dette, seier han, og pirkar borti kvitmålinga som flassar av fleire stader.

– Nei, her er det ikkje bøtingsvon, seier han.

Vil ha hjelp om våren

Våren er den travlaste tida for Sigfred Garnes. Som såkalla husdoktor hos Kuling i Ulsteinvik besøkjer han huseigarar og gir råd om vedlikehald.

– Det er flest som vil ha hjelp no om våren, det er ofte no folk ser at dei må måle husa. Og eg er lett å be, eg hiv meg gjerne i bilen og kjem, seier Garnes over ein kaffikopp i butikken etter synfaringa ute.

Kva er den vanlegaste utfordringa med det utvendige husvedlikehaldet?

– Som vi såg ute på det gamle trehuset, så er høvla bordkledning eit stort problem. Mange har heldigvis skifta bordkledninga på slike eldre hus.

Så vedlikehaldet er litt enklare med nyare bordkledning?

– Absolutt. Men eg kan ta eit døme frå ei synfaring eg nyleg var på. Det huset var frå 80-talet og hadde ståande bordkledning. Overflata var ru, og det er bra, for då sit målinga veldig godt. I alle fall viss du gjer som du skal, med grunning og to strøk måling. Men kantane på slik ståande kledning er gjerne høvla, og då sit ikkje målinga like godt, seier Sigfred Garnes.

Viktig å vaske huset

Husdoktoren understrekar at ròte treverk betyr at du har sluntra unna vedlikehaldet. Då nyttar det ikkje å skrape vekk og måle over, då må kledninga skiftast.

– Når du har eit måla hus, bør du vaske det, sjølv om du ikkje har tenkt å måle. Eg seier at hus bør vaskast i alle fall annakvart år.

Kvifor bør det vaskast?

– Tenk på vindauga dine, tenk på kor mykje skit som festar seg til dei, som har glatte flater. Tenk då på kor mykje som festar seg på bordkledninga, som er ru, seier Garnes, ein smule oppgitt over spørsmålet.

Point taken! Korleis bør ein vaske då?

– Då skal du først bløyte treverket med vatn. Så lagar du ei blanding av husvask og vatn, som du så dusjar på treverket. Start lengst nede og jobb deg oppover. Til slutt spylar du over med hageslangen.

Ikkje høgtrykksspylar, altså?

– Nei, det kan verte for hardt for treet. Vaskemiddelet løyser opp skiten, du treng ikkje noko kraftig trykk for å få det vekk.

Hardt klima

Som tjueåring starta Sigfred Garnes i målarforretninga Flø&Flø i Ulsteinvik. Seinare jobba han hos Hareid Fargehandel, Hareid Trelast, dreiv Jerniabutikken på Hareid, før han fekk jobb på Kuling for eit par år sidan.

– Produsentane av dei nye målingstypane seier at det skal vere nok å måle huset kvart sekstande år. Men her ved kysten har vi eit hardt klima med mykje vind og salt, så eg vil seie at det bør gå 10–12 år mellom kvar husmåling.

Er folk flinke til å ta vare på husa sine?

– Ja, det vil eg seie at dei er. Viss du ser rundt deg her på Søre Sunnmøre, så er det stort sett velstelte hus her, seier Sigfred Garnes. Han jobbar no halv stilling hos Kuling og er 50 prosent pensjonist.

– Eg likar folk, eg likar å snakke med kundane. Det er ikkje så rart at eg ikkje er fulltidspensjonist, eg gidd ikkje gå inn i Haddal heile dagane, for der er nesten ikkje folk, ler Garnes.

Høvla bordkledning: Ifølgje Garnes er dette heilt vanleg på bordkledning frå 1950-talet: måling som flassar. FOTo: Linda Eikrem Foto: Linda Eikrem
husdoktor: – Eg likar folk, eg likar å snakke med kundane, seier Garnes. FOTo: Linda Eikrem Foto: Linda Eikrem
I butikken: – Det går mykje å lyse fargar og alle grånyansar, seier Sigfred Garnes om kva som er populære husfargar. Foto: Linda Eikrem Foto: Linda Eikrem