Observante lesarar melder at det for nokre veker sidan har gått eit ras i nordsida av Melshornet. Raset har teikna  nokre lys spor nedetter fjellsida.

Raset har utspring i ei røys i ca 400 meters høgde i ei rett linje ovanfor sekundærstasjonen i Hareidsberget. Der er ingen teikn til at nedfall frå fjellet ovanfor har løyst ut raset. Den sannsynlege årsaka er at moldlaget under røysa har vorte vaska ut av vatn og at fleire berande blokker har rausa ut - og med dei også småstein og grus ut mot sidene.

På sitt breiaste er raset tjue meter. I møtet med ein knaus har det delt seg i to hovudgreiner, der den greina som ligg nærast Hareid sentrum har hatt det største tilfanget. Større og små steinar har nådd skogen nedanfor, men her har raset etter kvart vorte dempa. Nede i hogstfeltet er det muleg å sjå spor av raset i form av holer som har vorte fytle av grus.

Utgangspunktet for raset.