I følgje den siste meiningsmålinga som Respons har gjort for dei tre dagsavisene i Møre og Romsdal, vil Framstegspolitikar Oskar Grimstad frå Hareid ikkje kome inn på Stortinget til hausten. Det teiknar teiknar til at Framstegspartiet i Møre og Romsdal vil misse to mandat og (Grimstad og Hanekamhaug), og sitje att med berre eitt; Harald Tom Nesvik. Målinga seier at Høgre vil få tre mandat, og at Arnulf Goksøyr frå Herøy (3.-plass på Høgrelista) vil snappe plassen til Oskar Grimstad.
- Eg manglar om lag 2000 stemmer, og treng kvar ei einaste eg kan få, slår Oskar Grimstad fast.
Han viser til at på målingane den siste tida har Framstegspartiet i Møre og Romsdal stige for kvar gong, og at han derfor har eit håp om å kome på Stortinget.
- Eg er overtydd om at det vil bli borgarleg fleirtal denne gongen, og eg har svært lyst til å vere med i ein periode der vi kan ha handa skikkeleg på rattet, seier Grimstad.
Framstegspolitikaren frå Hareid har bak seg ein periode på Stortinget, og legg ikkje skjul på at han har lyst på ein periode til.
I dag, laurdag, har han vore med på valkampopning i Ålesund, og han har også stått på stand på Trebåtfestivalen i Ulsteinvik.
No startar hardkøyret fram mot valet 9. september. Kampen om ein plass på Stortinget vil bli mykje meir spennande for han enn han var for fire år sidan.