Styreleiar Kjersti Kleven frå Ulsteinvik skal halde opningstalen under semesteropninga ved Høgskulen i Volda tysdag 20. august, melder høgskulen i ei pressemelding.

Kjersti Kleven er medeigar og styreleiar i verftskonsernet Kleven. I tillegg har ho fleire bransjepolitiske verv, m.a. som styremedlem i Ekornes og styreleiar i Norsk Industri.

Kleven er utdanna cand.polit. frå Universitetet i Oslo med hovudfag i sosiologi, og ho har arbeidd som forskar både ved Norsk institutt for by- og regionforsking og i forskingsstiftinga Fafo.

Kjersti Kleven var personalsjef i Rolls-Royce Marine og prosjektsjef i Nordvest Forum før ho valde å konsentrere arbeidsinnsatsen om familien sine investeringar.

No i sommar vart ho av regjeringa oppnemnd til eit offentleg utval som skal vurdere i kva grad innhaldet i den norske skulen dekkjer dei kompetansane som elevane treng for samfunns- og arbeidslivet i framtida.