Laurdag 31. mai var Verdas Tobakksfrie dag. Dette markerte LHL (Landslaget for hjerte- og lungesyke på kjøpesenteret Blåhuset i dag, måndag føremiddag.

Saman med kreftkoordinator/kreftsjukepleiar Anett Skorpen Tarberg i Ulstein kommune og leiar Kjersti Vengen Jensen ved Frisklivssentralen i Ulsteinvik, delte dei ut materiell som fortel om konsekvensane av å bruke røyk og tobakk.

- Det heiter "tobakksfri" dag, for det skal også femne om snus, som har fått eit oppsving i bruken dei siste åra, kommenterer Vengen Jensen.

Ho slår fast at også snus er skadeleg for helsa.

Kreftkoordinator Anett Skorpen Tarberg fortel at statistikken viser at det i dag er fleire kvinner enn tidlegare som får kreftsjukdomar som kan relaterast til røyk. Dei fleste av desse er kvinner som har røykt i ein god del år.

- Eg har sett mange døme på at det går an å stumpe røyken, sjølv om folk har vore vanerøykjarar i mange år.

Oppmodinga til gjengen på standen ved Blåhuset er krystallklar:

- Stump røyken - og ikkje begynn å røyk.