Vert forslaget frå analyseselskapet NIVI gjennomført, vil Sunnmøre verte inndelt i berre fire kommunar.
NIVI har, på oppdrag frå NRK, gått laus på kommunestrukturen i Noreg. Resultatet har blitt ein reduksjon frå 428 til 105 kommmunar som alle vil få ei større grad av lokalstyre. Analyseselskapet meiner at kommunane bør ta over fleire av dei oppgåvene fylkeskommunane har ansvaret for i dag.
NIVI meiner at den omfattande kommunereformen bør vedtakast innan 2017.
Analyseselskapet har nytta nemninga Ulsteinregionen for ein storkommune beståande av Ulstein, Hareid, Herøy og Sande. Denne kommunen vil få eit innbyggjartal på 24459 personar, basert på dagens folkesetnad.
Ørsta/Voldaregionen vil få 19283 innbyggjarar og omfattar det som i dag er kommunane Ørsta og Volda.
Ålesundregionen legg under seg kommunane Ålesund, Giske, Sula, Ørskog, Skodje, Haram og Sandøy, noko som gir eit innbyggartal på 77831 personar.
Indre Sunnmøre vert også ei eiga kommune, med 15074 innbyggjarar busett i det som i dag er Sykkylven, Stranda, Stordal og Norddal.
Elles ser NIVI for seg at Vanylven vert ein del av Måløyregionen, saman med kommunane Vågsøy og Selje. Denne kommunen får 12244 innbyggjarar.