Laurdag sette han ny personleg rekord på 800 meter med tida 1.52,10, noko som gav han fjerdeplass i seniorklassa.

Søndag avslutta han konkurransen med ny pers på 3000 meter. Han sprang inn på tida 8.29,14, der han ifølgje Facebooksida til Dimna IL måtte ligge i front og dra det meste av løpet.

Fredag sprang Ådne Andersen 1500 meter på 3.50,96, som er like bak den personlege rekorden hans.

Mange gode resultat

Dimna IL var representert med ein liten delegasjon under Tjalveleikane.  I tillegg til innsatsen til Ådne Andersen, rapporterer klubben om følgjande resultat:

Anna Kleven vart nummer tre i lengde søndag.  Ho hoppa 5.10 m og var med det berre 11 cm bak vinnaren. Kornelia Roppen vart nr 6 med 4,89.

Fredag tangerte Toralv Opsal sin personlege rekord på 100 meter med 11,15 og vann løpet.

Johanne Rise Kvalen vart nummer tre i høgde med 1,50 meter.

Ådne Andersen støttye også kule og tok sigeren med 11,65 meter.Vidare vart Johanne Rise Kvalen nummer 3 i lengde med 5,22 m.

Alice Ulla Berg vart nr. 6 på 200 m med tida 26,15. Ho kom rett fra treningsleir i Polen og satsar på å vere i god form under junior NM neste helg.