Det er ikkje meldt om nedbør, og temperaturen blir liggande på 6-7 grader. Vinden skal vere laber og flau.
Etter snøfallet dei siste dagane kan det vere litt snø høgast oppe i terrenget.
Hjørungavåg IL stiller med parkeringsvakter ved fellesfjøset på Ulset.
Dei som vil gå råsa frå Pilskog bør stille opp i 10-tida dersom dei ønskjer hjelp av ein turleiar til å finne vegen. Gåavstanden til toppen frå Ulset og Pilskog er om lag den same, 3,5 km, men Pilskog-råsa tek om lag eit kvarter lenger tid.
Gudstenesta tek til klokka 12. Tradisjonen har no snart vore i 40 år.
Speidarane og Hjørungavåg Brass deltek, medan Leidulv Grimstad er prest.