- Det har vore tidenes reise, som har inneheldt alt frå ekstremt spennande, til skummelt, til bra surf, til klatring. Det har liksom vore alt, kjedelig, kjempegøy og utfordrande, seier Tobias Hatløy som segla inn til Ulsteinvik i ettermiddag etter å ha segla Nord-Atlanteren rundt i 14 månadar.

- Ja, det har vore mi livs reise. Og no er vi i mål. Det er både litt trist å kome fram, men også kjekt å kome fram. For no er reisa over.

Og du har overlevt?

- Ja, og eg har overlevt, det har gått greit.

Kva skjer vidare?

- Nei, det er å få seg jobb og hus, seier han og flirar.

- Men først må eg segle frå meg litt her i nærområdet. Det er jo veldig fint her, legg han til.

Du skal behalde båten?

- Nei, eg skal selje den, men eg får nok ikkje solgt han med ein gong.

Siste stoppestad før innseglinga til Ulsteinvik var Færøyane. Han reiste derifrå på mandag, har segla både dag og natt og har brukt tre døgn på seglasen til Ulsteinvik.

- Himmelen opna seg då vi kom inn forbi Stad. Då flytta skyene seg til side, vi såg regn på begge sider, medan vi segla midt i mellom, seier han og legg til:

- Eg er veldig fornøgd. Det har vore eit eventyr, seier han og smiler.

Kva har vore høgdepunktet?

- Det var veldig stas å vere på Tobago, å surfe bølger dag etter dag. Senegal og Gambia var eventyr, fordi det var ukjent og skummelt. Perfekt mengde med skummelt og gøy. I Gambia vart vi anklaga for å vere spionar og vart sikta på med forskjellige maskingevær. Men vi kom oss ut av det. Så det gikk greit, fortel han.

Og kva har vore det verste?

- Det var ein storm utanfor Puerto Rico. Då knakk pidestallen og bølgene gjekk over salingshorna. Skikkelig store bølger. Båten bikka så mykje at ventilen låg under vatn og eg stod med vatn til livet medan eg segla.

Les det siste reisebrevet til Tobias Hatløy her.