Ulstein kommunestyre har sett av 200 000 kroner til trivselstiltak i krinsane dette året.

Kriteria for utdeling har dei utarbeidd etter innspel kommunen har fått gjennom folkemøte i krinsane.

Det har kome inn fire søknader om pengar til tiltak. Men då saka kom opp i levekårsutvalet denne veka, valde utvalet å luke ut to av søknadene på grunn av at dei meinte dei ikkje oppfylte kriteria. Fruene ved havet gjer mykje bra, men er ikkje ein organisasjon. Og Barnerevyen i Dimna er ikkje eit nytt tiltak.

Rådmannen hadde foreslått å løyve 50 000 kr til Kjerringnesmyra Vel, men sidan to av søknadene vart luka vekk vart summen auka til 90 000 kr.

Per-Stein Tømmerstøl, formann i Kjerringnesmyra Vel, smilte breitt etter vedtaket i levekårsutvalet. Han seier til lokalavisa at pengane kjem godt med. Han sprang rett ned på teknisk etat og søkte om graveløyve. Han og velforeininga har fleire planar for området der dei har sett opp gapahuk.