Bilda viser utsikta ho og resten av familien har til løpsbana.

-  Det er ei fantastisk stemning her, fortel Kristine Haddal til Vikebladet Vestposten ein time før ho skal sjå sonen springe i VM.  Ho seier ho ikkje har snakka med Karsten i dag.

21-åringen frå Dimna skal altså i aksjon på VM-stadion i London første gong søndag. Forsøksheata på 400 meter hekk startar kl 12.05.  Heatet til Karsten startar kl 12.32, ifølgje tidsplanen.

NRK startar VM-sendinga kl 11.00, då kan ein følgje med på tv eller nett.

Dersom Karsten går vidare frå forsøksheatet, vert det semifinale måndag kl 21.20.  Og går det slik mange håper, blir han også å sjå i finalen onsdag kl 22.30.

NRK-kommentator Jann Post seier til nrk.no at han har stor tru på Karsten Warholm:

- Med sigrar i Diamond League og ei sterk tid etter seks løp på fire dagar i U23-EM, så er han klar medaljekandidat.