Odd Kåre Wiik, avdelingsleiar for drift og anlegg i Ulstein kommune, melder at dei diverre har eit brot på hovudvassleidninga på Saunes.

Abonnentane er no utan vassforsyning.

Kommunen har funne brotet og er i gang med utbetring. Dei reknar med at vatnet er tilbake i løpet av ettermiddagen.