Det sludda og bles friskt ute på Dimna, men dei gjennomførte den tradisjonelle nissemarsjen andre juledag, tidlegare kalla romjulsmarsjen.
Den sterke vinden gjorde at det var berre dei mest hardføre som møtte opp i år, rundt tretti stykke. I år var det ikkje mange barn som var med, men det var nokre.
I eit busskur i Kjerringnesmyra var det drikkestasjon. Der tok Maria Engen Grimstad og Kim Andre Garshol varmt i mot alle som tok seg tid til å stoppe for litt drikke. Her var både varm buljong og kald drikke å styrke seg på.
- Er det tradisjon så er det tradisjon, var omkvedet på dei som var ute i vinden. Dei syntest det var godt å kome seg ut å røre på seg etter fleire dagar innandørs. Dessutan gir det så godt samvit etterpå, når ein kjem inn i varmen. Då kan ein ete og kose seg ekstra mykje.