Ahmed Rahal og Ibrahim Esmail viser Vikebladet Vestposten rundt i det vesle tilbygget dei har fått på plass ved sida av mat vogna si.
Den vesle takeaway-utsalsstaden står på parkeringsplassen like ved matvarebutikken i Myrvåg. Frå denne matvogna har KR Catering tidlegare reist rundt på Søre Sunnmøre og selt mat, men no var det på tide med ein fast base.
Både Rahal og Esmail er frå Midtausten og maten dei serverer er tradisjonell i heimlanda deira. Både Tyrkia, Palestina, Syria og i Irak er matrettane kjende frå. På KR Catering kan ein få rettar som hamburger, falafel, børek, samosa, i tillegg til kebab og kyllingrettar. Det blir også servert pizza med ulike typar topping.
- På pizzamenyen vil det vil bli ein del forandringar etter kvart, fortel Rahal og Esmail.
Vegetar og veganskKR Catering fokuserer også på vegetar og veganrettar etter mange gode tilbakemeldingar frå Indiefjord-festivalen på Bjørke. takeaway-utsalsstaden lovar også å utvide vegetar- og veganmenyen med tida.
KR Catering er eit dotterselskap av selskapet Krystallrent AS som eigast både av Nasr Haify frå Ulsteinvik og Ahmed Rahal frå Fosnavåg.
- Vi håpar folk ønskjer å komme hit og prøve god mat basert på oppskrifter frå Midtausten, seier Rahal til slutt.