Dei ber også om løyve til å nytte drone i arbeidet.

NGU ønskjer svar innan 30. juni, noko som tyder på  at dei har tenkt å gjere undersøkingane sine i løpet av sommaren.

Det er NVE som har det overordna ansvaret for førebygging av skredulykker. NGU arbeider på oppdrag frå NVE. Kartleggingsarbeidet foregår over heile landet, men med størst aktivitet i Troms, Møre og Romsdal, Sogn

og Fjordane, Rogaland og Hordaland.

Kartlegginga foregår primært i høgtliggande fjellområde ved geologisk synfaring og i visse tilfelle periodiske målingar av rørsle i aktuelle fjellparti.

Helikopter blir då nytta til å frakte utstyr og personale.

Flyging og landing vil foregå i eller ved dei fjellpartia ein trur kan vere ustabile. Men dersom ein under flyginga oppdagar nye ustabile fjellparti, vil desse også bli undersøkte.

Det mest skredutsette området i Hareid i nyare tid har vore kystlinja mellom Hareid og Kvitneset. Der har det frå tid til anna rausa ut digre steinblokker. Seinast for nokre månader sidan kom ein kampestein rullande ned fjellsida og la seg til på gang- og sykkelvegen mellom Langeneset og Brandal