Mange vakna til fykande snøfjon i morgontimane fredag 15. april.

Det la seg då også eit ørlite snølag på markane, men utetter føremiddagen slutta det å snø og «snøgrensa» flytta seg fort eit par hundre meter opp i liene.

Oppe på fjellet viser det seg at det har kome eit lag på ca 5 cm snø i løpet av natta. Dette vil nok smelte fort dersom det ikkje kjem nytt påfyll dei næraste dagane.

Det skal ikkje kome meir snø i denne omgangen, men langtidsvarselet for Hareidlandet spår snøbyger laurdag 24. april!

Snø på denne tida av året har det falle før også. I 1981 fall det nesten ein halvmeter snø i den veka som tilsvarar den veka vi no snart går inn i.