Vi møter Magne i hagen hans, på den flotte bondegarden som har fått namnet Elvheim gard, på Hareid.
Her har han fleire prosjekt på gong, mellom anna nokre flotte morelletre.
Magne vaks opp på Støylane i Ulsteinvik. Etter ein fin barndom og realskuletida byrja han som hjelpearbeidar på Ulstein Hatlø. Men vegen gjekk vidare i 1965.
– Eg fekk det året spurt han Sigmund Bugjerde, Televerk-styraren, om ikkje han kunne skaffe meg jobb. Det fiksa han. Eg byrja på det som heitte «farande» lag, og me bygde telelinjer kring om på heile Sunnmøre. I den jobben fekk eg verkeleg sett meg om og byrje å lære kva Sunnmøre var for noko, seier Magne.
I Televerket var Magne fram til i 1995. Alle teknikarane i det som då var blitt Telenor blei oppsagde.
– Søre Sunnmøre var både blitt automatisert og digitalisert. Eg oppfatta det som at dei ikkje hadde bruk for oss teknikarane. Dei sa opp rubbel og bit, seier Magne Larsen.
Starta eige firma
I kjølvatnet av at han blei oppsagd starta Magne opp sitt eige selskap, Tele Support. Han blei då leigd inn igjen av Telenor, då han hadde spesialisert seg på kvalitetskontrollar og vore med på å skrive kvalitetsmanualen for montørar i Telenor.
– Men det blei mykje reising i Norge og utlandet då eg hadde det firmaet. I 2000 sa Telenor også opp alle konsulentane sine, inkludert meg, seier Magne.
Han fann då ut at han ville sikre seg ei formell utdanning. Han tok difor VK1 og VK2 elektro på Ulstein vidaregåande skule og kompletterte med det kunnskapen med ei utdanning.
– Eg hadde jo svært mykje kunnskap og erfaring frå eit allereie langt yrkesliv. Eg gjekk i klasse med ungdommar, men følte meg ikkje så gammal. Eg kom rett inn i miljøet, seier Magne.
Frå montør til gardbrukar på heiltid
Etter vidaregåande-perioden jobba Larsen mykje for Ericsson. Han monterte ruterar og internett, frå Førde til Kristiansund. Han fekk også jobben med å byggje ut ei strekning for naudtelefonen til Jernbaneverket, frå Steinkjer til Mosjøen. Dette blei også gjort gjennom Tele Support, selskapet han starta.
– Vi måtte ha spesialkurs for ferdsel langs med jernbanesporet. Eg fekk sertifikat på det også. Sjølv om det er gått ut for lenge sidan no var det jo ein liten attraksjon i seg sjølv å ha eit slikt sertifikat, seier Magne og flirer.
Ferda gjekk så vidare til Stromek, der han mellom anna fekk jobbe ein del med metall. Servi Teknikk, som den gong då heldt til på Ulstein, blei neste stoppestad.
– Eg jobba for Servi ei kort stund, og i same huset heldt Kjell Rud og Rud Elektro til, og det blei min neste arbeidsstad. Eg bygde blant anna nokre elektriske tavler der for dei. Så blei han del av KR Elektro si verksemd for ABB i Ulsteinvik, ein stad han var i 10 år.
I 2014 slutta han i den jobben, og etter dette har tida til Magne vore via til gardsbruket på Elvheim gard, heime på Hareid.
– Gardsbruket har eg hatt på sida i mange år. Dei fyrste kyrne eg hadde kom allereie i 1975.
Inspirert av Bangladesh
Magne jobba som sagt for Telenor ein periode, og var mellom 1997 og år 2000 så å seie på heiltid i Bangladesh.
– Der såg eg med eigne auge kor viktig dette med jordbruket er. Vi fekk også sjå korleis fattigfolket der nede levde. Men samstundes korleis dei klarte å produsere utstyret vi trengde for å byggje ut mobilnettet i landet. Det var makelaust, seier Larsen og legg til:
– Eg drog ein parallell til Norge då eg såg korleis dei hadde det. Det er enkelte no som blir rikare og rikare, medan andre blir fattigare og fattigare. Forskjellane blir større. Kva er forskjellen på Norge og Bangladesh, tenkte eg. Parallellen til Norge no er at all datateknologien no er i India, kva då med Norge?Larsen tek ein sjakkmetafor for å forklare ytterlegare.
– Eg har sett mykje sjakk siste tida, og heia sjølvsagt på Magnus Carlsen. Han brukar å seie at ein må halde bøndene intakte, for dersom ikkje blir ein sjakk matt. Kva skjer med bøndene her i Norge? Jo, dei legg ned matjorda, det er ikkje lønnsemd i jordbruket. Ein kan trekkje parallellen til Bangladesh. Truleg blir det ikkje så gale i Norge som i Bangladesh med det aller første, men vi ser like fullt ein trend no, som eg ikkje likar i det heile.
– Når det når eit visst punkt vil utviklinga gå raskare og raskare.
Søre Sunnmøre Matmanifest
Dette vil Magne Larsen forsøke å forhindre. Han oppretta difor Søre Sunnmøre Matmanifest, for å ta tilbake jorda på Søre Sunnmøre.
– Å gape over meir no blir for stort for meg, men Søre Sunnmøre skal eg klare. Eg ser at ordførarane no seier ja til matmanifestet, og det betyr at mange ser verdien av det, seier Magne.
I sjølve manifestet står det å lese at Søre Sunnmøre Matmanifest skal skape meirverdi ved å bevare, styrke og vidareutvikla den lokale matproduksjonen og matkulturen, gjennom å bevisstgjere enkeltpersonar, organisasjonar og bedrifter.
– Når alt blir digitalisert, bilar, bussar og maskiner, blir folk arbeidsledige. Kva då med dei som ikkje har arbeid? Matjorda er her om vi kan berge den. Fleire kan dyrke jorda og produsere mat.
– Blir ikkje pensjonist enno
Utanom matmanifestet og ei lang yrkeskarriere har Larsen også vore oppteken av musikken. Han starta til dømes i si tid Bigset skulekorps. Han prøvar også å få tid til å vere med born og barneborn.
– Eg kjem nok ikkje til å pensjonere meg enno, eg har det alt for kjekt slik det er no, seier han til slutt.
Magne Johan Larsen:
Fødd 31. desember 1944. Vaks opp på Støylane i Ulsteinvik.
Gift med Svanhild Arnlaug Tjervåg Larsen, og saman har dei blitt foreldre til sju born, Lars-Kjetil (†) , Ann-Kristin, Lisbeth, Marianne, Siv-Helen, Karine og Martinus. Magne og Svanhild har også 16 barneborn pluss to bonusbarneborn.
Utdanna: Automatteknikkar og montør gjennom Televerket.
Aktuell med: Styreleiar i Søre Sunnmøre Matmanifest, og jobbar for å få fleire av kommunane på Søre til å skrive under på manifestet. Til no er Hareid, Sande og Ulstein med.