Vi kan no presentere vinnaren av Vikebladet Vestposten sin lesarfotokonkurranse som har gått føre seg i påska.

Det er Trine Sætre frå Kjerringnesmyra på Dimnøya som vann eit gåvekort frå Amfi på tusen kroner.

I tillegg får følgjande Vikebladet Vestposten sitt eksklusive fotokrus: Jan Morten Nilsen, Hjørungavåg, Vivian Johansen, Hareid, Hanne Sæter Gurskevik, Ulsteinvik, Marianne Hovden, Hareid og Nancy Bergset, Ulsteinvik

Det kom inn godt over hundre påskebilete frå lesarane til Vikebladet Vestposten. Fristen for å sende inn bilete gjekk ut tidlegare i veka.

Det er tydeleg at det er mange som har nytta høvet til å ta seg ein tur ut i påska. Her er mange bilete av folk som kosar seg på ski, medan nokre trekkjer ned i fjøresteinane og nyt at våren har kome. Påskeegget er også ein sentral del av feiringa av denne høgtida.