Ny kultur, nytt språk og nye utfordringar. Dette er kvardagen for flyktningar som blir busett i Norge.

- Ein flyktningguide kan gjere overgangen lettare, seier Inger Anne Dimmen ved Ulstein frivilligsentral.

Førstkomande tysdag arrangerer Ulstein Frivilligsentral eit kurs i samarbeid med Møre og Romsdal Røde Kors for den som ønskjer å verte flyktningguide eller ønskjer å vite meir om kva dette går ute på.

Inger Anne Dimmen syner til at mange flyktningar har behov for informasjon og kunnskap om lokalsamfunnet. Korleis søker eg barnehageplass? Korleis finner du ut om fritidstilbodet i kommunen? Og kva skjer på 17. mai?

- Ei flyktningguide er ein viktig vegvisar inn i samfunnet. Men det viktigaste er at ein flyktningguide er eit medmenneske, ein til å stole på og støtte seg på i ei krevjande etableringsfase, seier Dimmen.

Det krevst ingen forkunnskapar for å verte flyktningguide. Du må berre vere være glad i menneske og gjerne interessert i andre kulturar.

- Møtet mellom flyktning og guide skal være uformelt og ikkje koste noko. Ein kan gjere ting begge trivst med, som å sjå på fotballkamp, gå på tur, lage mat eller berre prate og vere i lag.  Målet er å kople saman guidar og flyktningar som har noko felles, anten det er alder, livssituasjon, interesser, yrke eller utdanning. Det heile byggjer på gjensidigheit og likeverd, poengterar Inger Anne Dimmen.

Dersom du trur dette kan vere noko for deg kan du ta kontakt med Inger Anne Dimmen på Ulstein frivilligsentral.